
Partnerprogram 2027
Meir enn reklame. Meir enn golf. Eit samarbeid som skaper relasjonar, opplevingar og moglegheiter.
Bana vår
Ni hol i variert terreng, med vatn, skog og utsyn mot fjellet. Som sponsor blir bedrifta di sett her — kvar einaste runde.



Partnerprogrammet – inkludert for alle
Som partner i Stord Golfklubb blir bedrifta di ein del av eit sosialt og uformelt næringslivsnettverk. Her møtest lokale bedrifter gjennom golf, gode samtalar og felles opplevingar. Me ønskjer å skape ein møteplass der nye relasjonar og samarbeid kan vekse fram.
Fire frukostsamlingar i klubbhuset gjennom sesongen. Etter frukosten blir det lagt til rette for golf på bana.
Ei sosial turnering for klubben sine samarbeidspartnerar, etterfølgt av ei felles samling.
Me arrangerer ein felles golftur til ein annan golfklubb i regionen. Turen er eit frivillig tilbod, med eventuell eigenbetaling.
Alle sponsornivå får invitasjon til partnerprogrammet. Praktiske vilkår, tal på deltakarar og eventuell eigenbetaling blir opplyst ved påmelding.
Di partnerpakke
Velg grunnpakke, legg til det de ønskjer, og send ei uforpliktande førespurnad. Ingen betaling på nettsida.
Prisar per år. Mengdene er totaltalet i kvar pakke.
Hovudpartner · over 40 000 kr
Ønskjer bedrifta di eit større eller meir omfattande samarbeid? Me skreddarsyr gjerne ei hovudpartneravtale tilpassa dykkar ønskje og behov.
Personleg spelerett
Speleretten er knytt til éin namngitt person og gjeld for avtaleåret. Han kan ikkje overførast eller delast mellom fleire personar. Eventuelt medlemskap og registrering må vere i orden etter klubben sine gjeldande reglar.
Gratis VTG
Gjeld tilsette i alle fem grunnpakkane. Gull og Platina inkluderer også næraste familie. Tilbodet gjeld berre ordinære, oppsette kurs med ledig kapasitet. Klubben kan avgrense talet på påmeldingar frå kvar bedrift ved stor etterspurnad. Medlemskap er ikkje inkludert.
Valfritt. Prisen blir oppdatert med ein gong.










